"Ting tar fortsatt tid" slo til igjen
I år hadde vi full påmelding med 16 lag som sprang rundt i sanden på Rygg. Ein del av laga var gamle kjenningar frå tidlegare sjeduvolley-arrangement, men i år var det fleire unge som hadde meldt på lag. Veret var heilt upåklageleg så både publikum og spelarar koste seg.
Det var mange lag som hevda seg i gruppespelet og 8 av dei fekk spele i semifinalen. Likevel var det ingen som kunne hamle opp med breimningane i "Ting tar fortsatt tid". Etter å ha vunne turneringa i 2008 under navnet "Ting tar tid" gjorde dei reint bord denne kvelden og vann samtlege kampar. Dei enda med ein positiv målskilnad på 32 poeng etter 5 kampar. Andre lag som hevda seg bra var "JAMM" som spelte i finalen samt "Sprek? og Blid!" og "Team Manpower"
Arrangørane vil gjerne takke alle som hjalp til med dømming, poengteljing, raking, teknisk, osv. Ein spesiell takk til rockebandet Sjedudeisane som stilte med live musikk som underhaldning og Agnes og Benedikte som hadde laga til matservering i den tradisjonelle bua på brygga. Takk for i år og på gjensyn neste sommar.
- Atle og Knut Helge
Sjeduvolley er ei useriøs volleyballturnering som er opa for alle som har lyst å vere med. Turneringa har vorte arrangert to år på tidlegare i 2008 og 2009.

